Vår kjære Svein Kåre.
Du var en inspirator.
Kunnskapsrik og utrettelig i ditt arbeid for småbrukerens sak.
Svein Kåre viste svaret på det meste.
Hjelpsom, varm og gav rikt av seg selv.
Et fantastisks menneske har gått bort.
Takk for samarbeidet, du vil bli dypt savnet.
Sørkedalen Bonde- og Småbrukarlag
Svein Kåre Eggebø
Starta si aktive periode som tillitsvalt i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag (RBS) som lokallagsleiar i Finnøy BS i 1986. Han var leiar i åra frå 1986 til 1990 og frå 1993 til 1995.
Kom inn i fylkeslaget av RBS i 1989 og satt der som styremedlem og nestleiar til 1996, då han rykka opp som leiar.
Han fungerte som sekretær for fylkeslaget frå 1998 til 2004, då han flytta til Oslo.
Han har med andre ord synt ein imponerande vilje og pågangsmot for å representere landbruket i Rogaland. Det er ikkje mange som har vore med så mykje som han.
Ein sak Svein Kåre brann særleg for, var arbeidet med å hindre at Norge slutta seg til EU. I åra før avstemminga i 1994, kjøpte Svein Kåre ein gamal Toyota hiace, som stod parkert på kaia i Stavanger. Han budde då på Finnøy i Ryfylke, med berre ferjeforbindelse. På den måten kunne ha spare laget for utgifter. RBS hadde ansvaret for «Nei- propagandaen» i sørfylket. Denne bilen var fullpakka med brosjyrar, bannarar og plakatar, men her var også eit vaffeljern, fordi Svein Kåre hadde høns på garden og laga den beste vaflane, som vi delte ut på våre stander.
Då skrapesjuka (Scaprie) på alvor ramma Rogaland i 1996, engasjerte Svein Kåre seg stort i arbeidet, både retta mot myndigheiter, politisk og ikkje minst alle dei råka bøndene i fylket. Han besøkte dei aller fleste brukarane i fylket, personleg.
Innsatsen hans når det gjaldt å stramma inn krava til spreieareal, bør også nemnast. Utan Svein Kåre sin innsats, hadde ikkje denne saka kome så godt ut for landbruket, som den gjorde her i fylket.
Vi hugsar han og som ein "voktar" som sørga for at alt blei gjort skikkeleg. Det er vel ingen som har brukt uttrykket "til dagsorden" så ofte som han på våre landsmøter.
Svein Kåre har sett spor etter seg, den blide og gode, inkluderande veremåten han hadde, vil mange minnast her i Rogaland. Han var roleg, avbalansert og gjennomtenkt. Svein Kåre var ein mann som alltid sette andre føre seg sjølv. Han var «HEIL VED»
Fred vere med han!
En faglig dyktig og ikke minst raus venn har gått bort etter lengre tid med sykdom.
- Svein Kåre, har vært min læremester i norsk landbrukspolitikk og delt viktig input på perspektiver som var ukjente, og med interessante løsninger. Tilbake fikk han innsyn i urbant landbruk med dens muligheter og utfordringer gjennom både ofte besøk og foredrag. Vi har hatt mange gode diskusjoner som vil bli savnet.
Som person vil jeg huske ham som et raust medmenneske, tolerant, åpen og med et stort hjerte.
Mine tanker går til familien i Rogaland og til hans ektefelle.
Hvil i fred, gode du.